Korleis bestilla time?

Det er mange som ringjer til helsesenteret, og det kan difor ta noko tid å koma igjennom på telefonen. Dersom du vil gjera det enkelt og spara tid kan du nytta vårt SMS køfrisystem. Då skriv du STORD , namnet ditt, fødselsdatoen din og stikkordsmessig kva det gjeld, og sender meldinga til 2097. Ei melding til dømes kan sjå slik ut: STORD Ola Hansen 040519 sjekk blodtrykk, gjerne time neste veke. Tenesta kostar kr. 5.- pr. motteke melding. Du kan senda meldinga kva tid som helst på døgeret.
Det er også mogleg å få påminning om bestilte timar dersom ein ynskjer dette.



Avbestilla time, eller endra timeavtale

Ring oss eller send STORD namnet ditt og fødselsdato med avbestillinga eller ynskjet om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timar før konsultasjonen skal finna stad, elles vert timen belasta.



Kvifor du ikkje kan bruka SMS ved trong for akutt hjelp

Sjukepleiar ved kontoret vårt går gjennom alle SMS dagleg. Det er difor ikkje sikkert at me vil fanga opp snart nok henvendingar som treng øyeblikkeleg hjelp. Difor må ein framleis ta direkte kontakt anten ved oppmøte eller ved telefon ved trong for akutt hjelp. NB: Når det verkeleg hastar er det 113 som gjeld!!



Korleis bestilla reseptar på faste medisinar?

Ring legesenteret for bestilling. Endå enklare er det å bruka SMS; skriv: STORD namnet ditt og fødselsdatoen din og namnet på medikamentet du treng resept på - evt alle faste medisinar - og send meldinga til 2097. Du kan sjølvsagt også bruka telefaxen vår til reseptbestillingar. Resepten kan hentast dagen etter. Resepten kan også sendast til deg eller via telefax til ditt apotek, mot faktureringsgebyr. Husk å bestilla reseptar i god tid, spesielt før ferien.
NB! Me ynskjer at våre pasientar i størst mogleg grad får sine reseptar i samband med legekonsultasjon.



Attestar og korttidssjukemeldingar

I hovudsak er det slik at ein treng time for sjukemeldingar og attestar.



Bestill time via SMS:
Send STORD + ditt navn, fødselsdato og grad av hast til 2097.
F.eks: STORD Pål Pettersen 030562 Trenger time for helsesjekk
Kr 6,- pr mottatt melding.


Åpningstider:
Måndag: 08.30-15.00
Tysdag: 09.30-15.00
Onsdag: 08.30-15.00
Torsdag:08.30-15.00
Fredag: 08.30-15.00

Telefontid:
Månd,. onsd., torsd.:
kl. 08.15-11.00 og 12.30-14.00
Tysd.: kl. 09.15-11.00 og 12.30-14.00
Fred.: kl. 08.15-11.00 og 13.00-14.00


Kontakt oss:
Stord Legesenter
Postboks 323
5402 Stord
Tlf: 53 40 41 40
Faks: 53 49 69 94


Besøk oss:
Stord Legesenter
Lønningsåsen 9 B
5417 Stord

Ansatte
Olav Haugen, Lege
Dag Frode Valen Johannesen, Lege
Alette Jørgensen, Lege
Øystein Nygård, Lege
Reidun Baaserud, Sjukepleiar
Unni Dalsbotten, Sjukepleiar
Bente Balchen Gjøsæther, Sjukepleiar
Karin Toft, Legesekretær